NPIF

Spis deg frisk!

 Forum 

Lav oksalat-diett

Oksalatsyre er ei syre. Den finnest i mange vegetabilske matvarer og mindre mengder i nokre animalske, men mengda av oksalat varierer sterkt frå matvare til matvare. Oksalat bind seg sterk til kalsium og dannar kalsiumoksalat som er svært tungt løyseleg. Oksalat bind seg også til magnesium, natrium og kalium, når oksalsyra bind seg til mineral kallast den ofte for oksalatsalt.

Kalsiumoksalat i urin kan ein sjå som små krystallarsom liknar konvoluttar under mikroskop . Matvarer som har mykje kalsium har også ofte mykje oksalat t.d sesamfrø, mandlar og soya. Dette kan senka opptaket av kalsium.(1)

Det finst medfødte arvelege feil som gjer at kroppen sjølv dannar store mengder oksalat. Forskjellege stoff som t.d. xylitol, askorbinsyre og glycinate kan bli laga til oksalat i kroppen. «Lekk tarm» og andre forhold kjende og ukjende, fører til at ein kan ta opp meir enn normalt av oksalat gjennom fordøyingskanalen. Oksalat inne i kroppen kan avleira seg i nyrene som nyresteinar. Det er også vist at oksalat kan binda seg til skadd vev og forlenga skaden. Dette kan ein finne i blant anna tarmveggen og musklar.

Lav oksalat-diett er blitt brukt av pasientar som lett dannar nyrestein av kalsiumoksalat. Kalsiumoksalat er dei vanlegaste steinane som dannast i nyrene. Tidlegare vart pasientar som danna nyrestein anbefalt å unngå kalsium for å unngå å laga kalsiumoksalatsteinane. Seinare har ein funne at dette ikkje hjelper. Ein har funne at ein tar lettare opp «fritt oksalat» gjennom fordøyelseskanalen, enn oksalat som er bunde t.d som kalsiumoksalat. Difor vil det hjelpe å ha eit kosthald rikt på kalsium og å ta kalsium tilskudd. (2) I seinare tid har ein funne at kanskje andre enn nyresteinpasientar kan få det betre av å kutte ned på oksalat.
 
Vulvodynia ukjend syndrom og behandling

I 1992 blei The vulvar pain foundation etablert i USA. Foreninga vart etablert som ein ideell organisasjon som ville gjere slutt på isoleringa av kvinner som leid av vulvarsmerter (smerter i utvendige kvinnelege kjønnsorgan) og relaterte diagnosar (fibromyalgia, interstital cystitis og irritert tarm). Dei kom fram til at Lav Oksalat-diett var ein av dei metodane som var mest effektive mot denne lidinga. Og i 1997 kom dei ut med ei lav oksalat kokebok som er komme ut på nytt i 2005. Deira nettside www.vulvarpainfoundation.org er svært informativ.

På The vulvar pain foundation sine sider har kvinner rapportert om kva symptom som har bedra seg etter lav oksalat-diett:

Genitalier: ytre hud; kløe, svie, stikking, stikkande smerter, papir liknande kutt og rifter, raude og kvite flekker, inflammasjon, ser normalt ut til trass for smerter, klitoris smerter, smerter rundt vaginaåpning, smerter ved å ta eller dra i kjønnshår, smertefull sex, sårheit og brennande følelse.
Hud: sensitivitet over alt, sensitiv hårbotn, smertefullt å dra i hår, tåler ikkje kommersielle hudpleieprodukt, lett
solbrent, blir ikkje brun, rødmar lett.
Rektalt: kløe, svie, stikking, sårheit, blødning frå små papirlignande kutt.
Urin: sterk trong, må ofte, svie, pressar ut urin i dråpar, uretra smerter ved sitting eller anna press.
Musklar og ledd: sårheit, stivheit, svakheit, krampar og urolegheit særleg i leggar, smerter og ustabilitet i kne.
Irritabel tarm: forstoppelse, diare, vekslande forstoppelse og diare, må ofte på do.
Anna: brenning, prikking og nummenheit i ; munn, tunge, hender og føter, kalde hender og føter, hovudverk, lite energi, trøtt, mykje tannbelegg, sensitive gummar og tenner, sensitivitet til berøring, lys og lyd, «poppande» kjeve, dårleg søvn.(1)
 
Lav oksalat-diett og autisme

25 juni 2005 oppretta Susan Owens ei eiga diskusjons_liste på nettet på yahoogroups kalla Trying_Low_Oxalates. Gruppa vaks fort og har per i dag 820 medlemmer frå heile verda. Det var ei handfull med ungar i autismespekteret som hadde problem med urinering, forstoppelse eller diare som var forløparen til denne lista. Dei vart testa for utskilling av oksalat gjennom eit døgn ved laben til Dr Solomos i USA. Testen viste kor mykje og kor tid på døgnet borna skilte ut oksalat. Ut ifrå dette gjekk dei i gang med kalsiumtilskudd og lav oksalat-diett.

Borna fekk så gode resultat at Susan Owens og nokre av foreldra gjekk saman om å starte diskusjonslista på nettet for å dele sine erfaringar og om mogleg hjelpe andre. Forandringane til borna kom ikkje berre på urin og mageproblem men også på adferd og anna. Sidan borna var i autismespekteret gjekk dei frå før av på GFCF diett og nokon av borna hadde andre restriksjonar som allergiar/intoleransar og spesifikk karbohydratdiett (SCD). Lav oksalat-diett vart lagt til på toppen av dei andre kostrestriksjonane. Erfaringane som er komme fram i frå lista er at dei fleste vert dårleg ei tid etter at dei startar opp med lav oksalat diett før dei vert betre. Dette kjem truleg av at oksalatkrystallar i ulike former frigjeres frå celler der dei er lagra.

Her er ei liste Susan Owens laga pr. oktober 2005 om indikasjonar på at oksalat KANSKJE kan vera eit problem i relasjon til personar i autismespekteret:

A. Vasslatingsproblem som, plutseleg trong, måtte urinere ofte, underlivsmerter, overfylt blære og nyresteinar.
B. Plutselege utbrudd av dårleg oppførsel, magesmerter eller annan smerte minuttar til eit par timar etter måltid.
C. Problem med ekspressiv tale.
D. Forandringar av adferd eller oppførsel etter bruk av Miralax (microlax) eller Glycolax
E. «Gjær oppførsel»
F. Problem med å bruke glycine (DMG, TMG)
G. Obstipasjon eller diare som ikkje bedrar seg med nokon annan behandling.
I. Intoleranse ovanfor svovel- sulfat - haldige tilskudd (t.d MSM, og magnesium sulfat)
H. Nye problem kjem når nøtter, grønsaker eller soya blir introdusert i dietten.
I. Ein føretrekkjer matvarer med høgt oksalatinnhald
J. Mogleg epileptiske anfall
K. Oppblåst mage som ikkje responderar på anna behandling.
L. Forseinka vekst (også slik som responderer på veksthormon terapi)
M. Tvangsadferd
N. Biotinproblem ( men treng ikkje ha nytte av biotin eller oppførsel kan bli verre på biotin)
O. Sære reaksjonar på kalsium.(3)
 
Bakteriar og oksalat

Det finnest mange bakteriar som kan bryte ned oksalat, også i fordøyelseskanalen til mennesket. I ei pilotstudie fekk 6 pasientar med diopathic calcium-oxalate urolithiasis og mild hyperoxaluria, i 4 veker, dagleg mikstur med mjølkesyrebakteriar (L.acidophilus, L. plantarum, L. brevis, S. thermophilus, B. Infantis). In vitro forsøk viste at dei ulike bakteriane hadde ulik evne til å bryte ned oksalat. Forsøket konkluderte bla med at ekskresjon av oksalat kan bli svært redusert ved bruk av frysetørka mjølkesyre bakteriar i høg konsentrasjon.(4) Erfaringar frå Trying_Low_Oxalates lista er også at mjølkesyrebakterietilskudd har stor innverknad på korleis magen/kroppen taklar oksalat.

I ei japansk studie fann dei bakterien Oxalobacter formigens hos 80% av mennene og 62% av damene,(5) andre studiar har gjort liknande funn(6). Denne bakterien er med på å bryte ned overflødig oksalat. Forsøk har vist at denne bakterien drepes ved bruk av antibiotika. Dersom ein et denne bakterien i lag med eit oksalat haldig måltid, har ein sett at ein har senka oksalat konsentrasjonen i urinen.(7)

I ei studie fann ein Oxalobacter bare hos 10.4 % av personar med IBS (ulcerative colitis og Crohn's sjukdom) og  hos 29% av personar med nyrestein.(6) Oxalobacter blei i eit forsøk i Tyskland sist vår brukt til å behandla 9 barn med nyresvikt og forsøket var svært vellykka. Oxalobacter er endå ikkje i handel. Men det er forsøk på å produsere  oxalabacter kommersielt, blant anna. er et svensk firma eigar her.

Høgt og lågt innhald av oksalat i matvarer

Matvarer som har ekstremt høgt oksalat innhald er t.d:
Bjørnebær, stjernefrukt, soya, alle nøtter (ikkje kokos) særleg mandlar, peanøtter og pekanøtter, sesamfrø, bete(t.d raud), søtpotet, okra, spinat, sjokolade m.m.

Matvarer som har lite oksalat er t.d:
kvit ris, kvitt kveitebrød (ei skive), villris, kokosnøtt, ferske grøne erter, nesten alt kjøtt (ikkje lever, nyrer, sardiner og bacon), alle oljer og feitt, mjølk og produkt av mjølk, avokado, isbergsalat, agurk m.m.(3)

(1) http://www.vulvarpainfoundation.org/
(2) Ph. Jaeger,W.G. Robertson. Role of Dietary Intake and Intestinal Absorption of Oxalate in Calcium Stone Formation. Nephron Physiology 2004;98:p64-p71.
(3) http://health.groups.yahoo.com/group/Trying_Low_Oxalates/
(4) Campieri C m.fl. Reduction of oxaluria after an oral course of lactic acid bacteria at high concentration. Kidney Int. 2001 Sep;60(3):1097-105.
(5) Kodama T m.fl.Detection of Oxalobacter formigenes in human feces and study of related genes in a new oxalate-
degrading bacterium. Hinyokika Kiyo 2003;49(7):371-6
(6) Kumar R m. fl. Infrequency of colonization with Oxalobacter formigenes in inflammatory bowel disease: possible role in renal stone formation.Gastroenterol Hepatol. 2004 Dec;19(12):1403-9.
(7)Goldfarb DS. Microorganisms and calcium oxalate stone disease. Nephron Physiol. 2004;98(2):p48-54.

Kostholdsendringer

Kan hjelpe ved: 

ADHD
Aggresjon
Asperger
Autisme

Depresjon
Diabetes
Dysleksi
Epilepsi
Konsentrasjonsvansker
Magetrøbbel
Multippel Sklerose
Muskelsmerter
Opioide peptider
Parkinson
Psoriasis
Schizofreni
Sengevæting
Stoffskifteproblemer
Utslett

 

Listet alfabetisk.


 

Nytt PIF-nytt

PIF-nytt-nr-2-2017-Forside-web-lite 


Alle medlemmene våre får PIF-nytt 4 ganger i året. Mangler du noen utgaver? Bestill dem hos: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

Frist for artikler etc til neste
PIF-nytt: 30. jan. 2017!

      2013 © NPIF | Drøbakgate 10b | 0463 OSLO | Tlf: 94 81 86 05 | Org.nr 980.252.256 | Bankgiro 5083.06.02795 | Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.