NPIF

Spis deg frisk!

 Forum 

Probiotika

Gode bakterier i tarmen

Det er fleire bakteriar i tarmen enn antall celler i kroppen. Probiotiske bakteriar er snille bakteriar i tarmen som kanskje kan førebyggje astma og allergi. I tillegg held dei unna sjukdomsframkallande bakteriar, produserer nokre vitamin og fôrar tarmepitelet med kortkjeda feittsyrer. No blir det forska på kva betydning tarmfloraen har for helsa vår.

Av Ingrid Øvreås

Så langt attende som ein kjenner menneska si historie har mjølkesyrefermentering (gjæring) vore ein naturleg konserveringsmetode. Før frysedisk og vakumpakking var dette den enklaste og sikraste måten å bevara mat på, og metoden blir framleis brukt. Det er betre å tilsetja snille bakteriar enn at det kjem andre som kan øydeleggja maten og gjera oss sjuke.

Fermenteringa verkar ved at laktobasillar og bifidobakteriar i maten bryt ned karbohydrat slik at det vert danna mjølkesyre. Mjølkesyra gjer miljøet så surt at det er få av dei farlege bakteriane som greier å overleva, og maten blir dermed meir haldbar. På byrjinga av 1900-talet oppdaga ein (Tissier) at bifidobakteriar var til hjelp i behandlinga av spedbarnsdiaré. Det utvikla seg ein hypotese (Metchnikoff) om at laktobasillar i surmjølk kunne utkonkurrere sjukdomsframkallande bakteriar, men med dei begrensa analysemetodane dei hadde tilgjengelege på den tida, var det vanskeleg å bevisa at hypotesane var rette, og det heile rann etter kvart ut i sanden.

Probiotika
På slutten av 1900-talet kom det betre analysemetodar og interessa for dei positive verknadene av bakteriar tok seg opp att. Det har etter kvart utvikla seg til eit eige forskingsområde omkring probiotika, som tyder ”for livet”. Bakteriar frå dei to bakteriestammane laktobasillar og bifidobakteriar er dei mest vanlege probiotiske bakteriane.

Definisjonane på probiotika har vore mange, men i 1995 konkluderte ei europeisk arbeidsgruppa med følgjande definisjon: ”Orale probiotika er levande mikroorganismar som ved inntak i ein viss mengde påverkar verten si helse meir positivt enn det vanleg mat gjer.” (1) Utifrå definisjonen må bakteriane altså vera i live og komma via munnen (oralt). Nokon bakteriar festar seg til tarmen, men dette er ikkje eit kriterium for å bli rekna som probiotisk. Ein skal likevel ikkje utelukka at daude bakteriar eller delar av bakteriar kan ha positiv effekt på helsa, og det kan sjå ut som om probiotiske bakteriar som festar seg til tarmveggen, har ein ekstra positiv effekt. Dette er kanskje fordi dei hindrar sjukdomsframkallande bakteriar i å gjera det same, i tillegg til at det stimulerer immunforsvaret.

Prebiotika
Fyrst på 1970-talet byrja ein å interessera seg for den positive verknaden av fiber. Ein forstod at fiber er mat for tarmbakteriane. Det ser ut som om nokon fibertypar særleg fremjar oppblomstringa av positive bakteriar – desse fibertypane blir kalla prebiotika. Definisjonen på prebiotika er: ”Ein ikkje nedbrytbar komponent i mat som påverkar verten positivt ved å selektivt stimulera vekst og/eller aktivitet av ein eller eit begrensa antal av bakteriane i tjukktarmen” (2) Utifrå definisjonen kan ein ingrediens som skal kallast prebiotika ikkje bli nedbroten eller absorbert i den øvre delen av tarmkanalen. I tillegg må den ha evna til å endra tarmfloraen i ein meir positiv retning ved å berre stimulera til vekst av probiotiske bakteriar, men ikkje av dei som er potensielt skadelege.

Analyse av tarmfloraen
Eit problem ved studiar av tarmfloraen er at bortimot 80 prosent av bakteriane i tarmen ikkje kan dyrkast utanfor kroppen. Etter kvart har ein skaffa seg oversikt over DNA-profilen til bakteriane. Dette gjer at ein ikkje er avhengig av å kunna dyrka dei. Med denne metoden kan ein ikkje berre klassifisere dei på slektsnivå, men òg på artsnivå og endå meir nøyaktig i forhold til bakteriestamme.

Ein har òg fått andre analysemetodar. Til saman har dette gjort studiar på tarmfloraen meir nøyaktige. Dei fleste studiane analyserer bakteriefloraen i avføringa, men det finst metodar for å analysera innhaldet lenger oppe i tarmkanalen òg. Slik har ein kunna danna seg eit bilete av tarmfloraen i heile tarmkanalen.

400 artar
Antalet bakteriar i tarmkanalen er 10 gonger så stort som antalet kroppsceller. I magesekken er det så surt at berre nokon få bakterietypar overlever, men det gjer dei probiotiske bakteriane. Øvst i tynntarmen er tarminnhaldet som kjem over frå magesekken framleis ikkje heilt nøy-tralisert, i tillegg er det gallesalt der som mange bakteriar ikkje toler. Tynntarmen er difor heller ikkje noko gunstig miljø for bakteriar. Det er difor færrast bakteriar i magesekken, og så aukar konsentrasjonen av bakteriar til lenger ned i tarmkanalen ein kjem. Konsentrasjonen er desidert størst i tjukktarmen. Seksti prosent av vekta på avføringa består av bakteriar.

Ein reknar at det i tarmkanalen finst 50 ulike bakterieslekter og 400 ulike artar. I tillegg har kvar art mange ulike stammar. Etter kvart har ein fått aukande bevis for at bakteriefloraen i tarmen spelar ei nøkkelrolle for helsa. Ofte snakkar ein om normalfloraen, men dette er eigentleg misvisande då tarmfloraen varierer veldig frå person til person. Særleg på artsnivå er det stor individuell variasjon i tarmfloraen; kvar person har sin spesielle stamme av bakteriar. Mest sannsynleg er tarmfloraen ikkje genetisk bestemt, men den varierer med geografisk stad. For eitt individ vil den òg variere med til dømes alder og kosthald.

Dannar bakteriosin
Bakteriane i tarmkanalen har mange funksjonar. Dei bryt ned ufordøya mat (fiber, nokon typar arbohydrat, oligosakkarid, litt fett og protein) og endogene substansar (stoff som kjem frå tarmen som slim, avstøytt epitel, bakterierestar, gallesyre, kolesterol). Dette resulterer i danninga av korte feittsyrer (CFA) som er hovudkjelda til energi for tarmcellene. Berre 10 prosent av den energien blir teken opp i blodet. Nokon bakteriar (t.d. clostridium) dannar òg mindre giftige nitrogenforbindelsar. For mykje av desse bakteriane er difor uheldig. I tjukktarmen blir det produsert vitamin; biotin, B6, K2 og B12. Kor mykje som blir absorbert av desse vitamina varierer.

Tarmfloraen er ein del av fyrstelinjeforsvaret mot sjukdom og verkar ved å hindra oppblomstring av sjukdomsframkallande bakteriar. Dei probiotiske bakteriane dannar bakteriosin – giftstoff - som fungerer som antibiotika mot sjukdomsframkallande bakteriar. I tillegg dannar dei hydrogenperoksyd (H2O2) og CFA som begge gjer tarminnhaldet surare – noko som verkar hemmande på mange syresensitive bakteriar. Dei probiotiske bakteriane bryt òg ned giftstoff og giftreseptorar frå sjukdomsframkallande bakteriar.

Hygieneteorien
I 1989 introduserte David Strachon hygienehypotesen. Han fann at blant personar som hadde sysken, var det færre som hadde høysnue – både som barn og vaksne. Dette har seinare vorte stadfesta i andre studiar. Frå mange studiar veit ein at personar som har sysken, har fleire infeksjonar i barneåra. Hypotesen var at infeksjonar gjer noko med immunforsvaret og dette ”noko” hemmar utviklinga av allergiar.

Ein tenkjer seg at den vestlege livsstilen - med færre barn i kvar familie, meir sterile omgjevnader, meir bruk av antibiotika etc. reduserer den totale eksponeringa av mikroorganismar tidleg i barndommen. I den grad ein kan forventa at naturen er logisk, vil det vera usannsynleg at det er nødvendig med potensielt farlege infeksjonar for å førebyggje allergi. Då tarmen er det største immunorganet hjå mennesket, vil mikrobiotisk stimulering frå tarmfloraen derimot vera meir hensiktsmessig.

Bifidobakteriar
Av alle bakterietypane i tarmkanalen er det indikasjonar for at bifidobakteriar er den bakterieslekta som fremmar helsa mest. Uheldigvis er desse bakteriane veldig følsame for oksygen og varme – noko som gjer dei vanskelege å bevare i matvarer eller kapslar. Derimot ser det ut til at inntak av visse typar fiber fører til ei oppblomstring av bifidobakteriar i tarmen. Frukto-oligosakkarid (FOS) og inulin er dei fibertypane som mest selektivt stimulerer oppblomstring av bifidobakteriar og held skadelege bakteriar på eit lågt nivå. Uheldigvis fører dei hjå ein del personar til luftplager. Ein studie fann at 4 g FOS dagleg var den optimale dosen for å stimulera oppblomstring av bifidobakteriar, men ikkje av skadelege bakteriar utan å gje særlege luftplager. Her gjenstår det enno mykje for å kunna seia noko sikkert om type og mengd fiber. (3)

Tarmfloraen hjå småbarn
I tarmkanalen er det særleg bakteriefloraen i tynntarmen som er mest påverka av kosthaldet, og som har mest individuelt preg. Hittil har ein meint at vår individuelle tarmflora er forholdsvis konstant gjennom heile livet. Med betre analysemetodar ser ein at dette likevel ikkje er tilfelle. Likevel ser det ut til å vera avgjerande å stabilisera ein sunn tarmflora heilt frå fødselen av. Barnet er fødd med ein steril tarm. Ein trur at dei bakteriane som kjem fyrst i tarmen, vil danna eit gunstig miljø for seg sjølve og dermed gjera det mindre attraktiv for andre bakteriar.

Fleire faktorar påverkar tarmfloraen hjå spedbarn. Den fyrste bakteriefloraen som spedbarnet kjem i kontakt med, er floraen frå mora sin fødselskanal. Barn som blir fødde ved hjelp av keisarsnitt, får ikkje den same tarmfloraen som dei som blir fødde på vanleg måte. Den fyrste bakteriefloraen som møter keisersnittbarna, er sjukehusmiljøet sin bakterieflora.

Spedbarn som blir fullamma, har ein annan stamme av bifidobakteriar enn dei som får morsmjølkerstatning - som har ein tarmflora meir lik den som vaksne har. Ein trur at det er oligosakkarid i morsmjølka som fremmar oppblomstringa av visse stammar av bifidobakteriar, men ein har enno ikkje kunna kopiera desse eksakt i morsmjølkerstatningane.

(4)
I studiar har ein samanlikna tarmfloraen hjå barn i vestlege og ikkje-vestlege land og funne store skilnader. Ein har ein hypotese om at dette er ein viktig grunn til skilnaden i allergi- og astmaførekomst mellom vestlege og ikkje-vestlege land. Særleg kjend er studiane der ein har samanlikna tarmfloraen til barn i Sverige og i Estland. Der fann ein m.a. at barn i Estland oftare hadde laktobasillar i tarmen, og at konsentrasjonen av desse var høgare enn hjå barn i Sverige. I begge landa fann ein at dei som hadde bifidobakteriar i tarmen, hadde ein lågare førekomst av allergi. Ein interessant observasjon var at skilnaden i tarmfloraen var der før skilnaden i symptom på allergi.
(5)
I Finland vart det gjort ein studie der mødre med høg risiko for å få barn med atopiske eksem. Mødrene, fekk lactobasillus rhamnosus GG (LGG) dei fire siste vekene av svangerskapet og seks månader etterpå mens dei amma. Dersom dei ikkje amma, fekk spedbarna LGG. Etter to år viste det seg at berre halvparten så mange barn i gruppa som fekk LGG, hadde utvikla atopisk eksem som i kontrollgruppa.
(6)
Både studien frå Sverige og Estland og den frå Finland støttar opp under teorien om at det er viktig med tidleg etablering av ein sunn tarmflora. Tarmfloraen endrar seg hos eldre Like interessant og viktig som studiar på tidleg etablering av ein sunn tarmflora er det å studera korleis tarmfloraen endrar seg med alderen. Ein ser at i 50-årsalderen byrjar ei gradvis endring mot ein mindre gunstig bakterieflora i tarmen. Det blir fyrst og fremst andre stammar av bifidobakteriar og færre laktobasillar. Dette er kanskje eit
oversett problem. Endringane i tarmfloraen kan gjera at eldre nyttiggjer seg næringsstoffa dårlegare, at dei reagerer annleis på medisin og at dei er meir sårbare mot tarminfeksjonar. Dette er noko ein burde forska meir på i framtida, men det vil krevja langtidsstudiar der ein forsikrar seg om at tarmfloraen endrar seg med alderen hjå same personen, og at det ikkje berre er skilnader mellom generasjonar.

Utfordringar framover
Utfordringa i studiet av pro- og prebiotika er at kvar bakteriestamme er ulik andre stammar og har ulik effekt på helsa. Studiar på beslekta stammar kan difor ikkje samanliknast utan stor fare for feil. Biletet blir ytterlegare komplisert av at effekten kan vera ulik om bakterien finst i magesekken, tynntarmen eller tjukktarmen. Det er difor viktig å definera effekten av kvar bakterie utifrå dei nyaste studiane der dei nyaste metodane har vorte nytta. I matvarer og kapslar må ein nytta den eksakt same stammen som har vist effekt i studiar. I dag er det teknologiske omsyn og kva som er lettast å handtera som ligg til grunn for val av bakteriestamme i studiar, matvarer og kapslar. Dei mest brukte er truleg ikkje dei beste probiotika!

Det kan òg vera at det er heilt andre bakteriar eller faktorar som er viktige for helsa enn dei ein hittil har sett på. I Trondheim foregår det no ein studie tilsvarande den som vart gjort i Finland, der gravide får LGG. Det vil bli interessant å sjå kva resultat som kjem fram der.

(7)
Pro- og prebiotika i mat
I det norske kosthaldet er pro- og prebiotika ikkje særleg utbreidd. Det mest vanlege er kanskje Biola og Cultura som er yoghurt og surmjølk syrna med probiotiske bakteriar. I surdeigsbrød er det òg mjølkesyrebakteriar. Gjæra grønsaker, t.d. surkål utan eddik, er ein del av det daglege kosthaldet i mange austeuropeiske land – og er eit døme på mjølkesyrefermentering. Prebiotika som FOS og inulin finst mellom anna i matvarene morsmjølk, kumjølk, honning, banan, sikorisalat, løk, kvitløk, asparges, artisjokk og soyabønner. Det er òg å få kjøpt i konsentrert form i helsekostbutikken.

Referansar:
1. Guarner F, Schaafsma GJ. Probiotics. Int J Food Microbiol 1998;39,237-238.
2. Gibson GR & Roberfroid MB. Dietary modulation of the human colonic micribiota: introducing the concept of prebiotics. Journal of Nutrition, 1995;125,1401-1412.
3. Rao AV. Dose-respons effects of inulin and ologofructose on intestinal bifidogenesis effects. J Nutr. 1999 Jul;129(7 Suppl):1442S-5S.
4. Rubatelli FF, Biadaioli R, Pecile P, Nicoletti P. Intestinal flora in breast- and bottle-fed infants. Perinat med. 1998;26(3):186-191)
5. Bjorksten B, Sepp E, Julge K, Voor T, Mikelsaar M. Allergy developement and the intestinal microflora during the first year of life. J Allergy Clin Immunol. 2001 Oct;108(4):516-520.
6. Kalliomaki M, Salminen S, Poussa T, Arvilommi H, Isolauri E. Probiotics and prevention of atopic disease: 4-year follow-up of a randomised placebo-controlled trial. Lancet. 2003 May 31;361(9372):1869-71)
7. Horg B. Har viktig mikrobiell stimulering gått tapt? Fagbladet allergi i praksis 2003; 4.
K l a s s i f i s e r i n g av b a k t e r i a r
Slekt Art Bakteriestamme
Laktobasille L. rhamnosus L. rhamnosus GG
Bifidobakterie B. lactis B. lactis Bb-12

Gjær og gjære - ikke helt det samme

Mange av oss tåler ikke gjær. Derfor spiser vi ikke brød bakt med gjær og drikker ikke øl. Vi tør heller ikke spise surgjæra grønnsaker. Men det bør vi gjøre! Mikrobiologi omfatter hovedsakelig studiet av bakterier og sopp. Vanlig brødgjær hører hjemme i gruppen sopp. Det finnes et utall sorter gjærsopp. Antall ulike sorter bakterier er ufattelig stort.

Av Tove Stenersen

Det finnes et utall sorter gjær og bakterier. Når bakterier i maten formerer seg sier vi at maten ”gjærer”. Vi bruker samme ord for gjær som for bakterier. Vi opplever at syltetøyet som står varmt, kan begynne å gjære, men vi vet ikke sikkert hva det egentlig er som ”gjærer” i syltetøyet vårt. Er det bakterier, sopp eller det vi oppfatter som gjær som er forårsaker det hele? Som regel sier vi ”råtner” om bakterier som gjør maten dårlig, men det er jo også bakterier som formerer seg i maten.

Gjæring, som kalles fermentering i faglitteraturen, er en prosess der bakterien eller gjærsoppen omdanner de stoffene som finnes rundt dem for å skaffe seg energi til slik at de kan vokse og formere seg. Gjæringsprosesser trenger vanligvis ikke oksygen. Brødbaking er et kjent eksempel på gjæring. Her brytes melet ned av ensymer i gjærsoppen og det dannes etanol og små gassblærer med karbondioksid. Etanolen og karbondioksidet forsvinner i stekingen mens hullene etter karbondioksidet har gitt oss et luftig brød. Det finnes også et utall sorter gjær, som er en slags sopp. I daglig terminologi bruker vi ofte ordene litt om hverandre.

Om du reagerer allergisk mot en type gjær, behøver dette ikke bety at du reagerer på alle typer gjær. Det er derfor noen tåler surdeigsbrød, men ikke brød bakt med vanlig gjær. Også fordi når brødet har stått lenger har gjærcellene fått tid til å spise mer av melet. (Jeg (Tove) tåler for eksempel fint kikertmelsbrød som har gjæret i to dager, men har litt problemer med vanlige kokte kikerter.)

Alle celler, også gjærcellene, har proteiner på yttersiden av cellen. Noen av proteinene kan være like mellom ulike gjærtyper. Hvis det er disse man reagerer på, kan man reagere på flere av gjærcelletypene. Det kan gi ”kryssreaksjoner” mellom flere gjærtyper. Noen tåler ikke rå produkter, men de samme produktene tåles etter varmebehandling. Det kommer av at proteiner ofte endrer seg ved oppvarming. De kan da endre den delen som gir reaktivitet. Surgjæra grønnsaker er med andre ord ”gjæra” med melkesyrebakterier. Og det eneste melkesyrebakterier har med melk å gjøre er at de ble først artsbestemt fra melkekulturer, dvs yoghurtbakterier og slikt. Noen bakterier som vokser i melk, vokser like fint i grønnsaker. Andre bakterier vokser best i grønnsaker, men vi trenger dem også. Bakterie- eller gjærsopptypen setter smak på det ferdige produktet. Prøv å lage surgjæra grønnsaker med samme grønnsaker men ulik startkultur, og du ser hvor forskjellig smaken kan bli.

Når vi lager surgjæra grønnsaker, sørger vi for ekstra gode levevilkår for de bakteriesortene vi ønsker, av alle dem som naturlig finnes i grønnsakene våre. Disse bakteriene ”spiser” stoffer i grønnsakene samtidig som de skiller ut den organiske syren, melkesyre. Melkesyren gir de gjæra grønnsakene en syrlig smak. Den kan også virke  konserverende fordi andre bakterier, for eksempel de som får mat til å råtne, ikke trives i surt miljø.

Fra Babylon og Zarathustras land

Vi vet at menneskene har hatt nytte av å bruke mikroorganismer til matproduksjon i mer enn 6000 år. Babylonerne kunne brygge øl, egypterne bakte brød og iranere produserte vin. Fra hele verden henter vi i dag eksempler på mat som på denne måten fremmer helsen. I Japan spiser de soyasaus, miso, natto, gjæra reddik osv, i Amazonas og Vest-Afrika spiser de gjæra kassava, i store deler av Afrika spiser de enten gjæra grøt eller gjæra pannekaker, mens de i Russland spiser kvass og i India achar.

Ølgjær og brødgjær er bare en sort, og en ikke veldig sunn sort, av alle gjær- og bakterietyper vi mennesker bruker til å ”gjære” mat med. I Norge har vi drukket gjæra myse, mjød og laget surgjæra kål. Før kjøleskap ble tatt i bruk, var det vanlig å gjære matvarer, gjøre dem holdbare med ”snille” bakterier, i stedet for at de ”slemme” bedervet maten, og i andre ganger sørget mikroorganismene for at maten fikk bedre konsistens eller smak. Er grønnsakene gjæra på riktig måte og oppbevart i jordkjeller på riktig måte, vil de ikke mugne eller råtne, men bevare vitaminer ganske bra. For oss er det viktig å trekke fram at mange mikroorganismer kan gjøre maten bedre.

En riktig bakterieflora

Vi bruker antibiotika samtidig som vi ikke spiser gode bakterier. Ikke rart vi blir syke! Stapp deg med gode bakterier av alle slag (probiotika) og mat de liker (prebiotika). Det renser kroppen og holder sykdommer unna. Du kan nå kjøpe økologisk surkål fra Helios i helsekostbutikken. Den inneholder kål, karve og bakterier og koster 39;- for en halv liter.
Les på vår vei for Kathrines Ebbesen Rørs oppskrift på surkål:
www.varvei.no se under ”kokeboken”

Leser du engelsk og vil gjerne lage det selv, kan du melde deg inn i denne guppa.
eller les denne rapporten fra Food and Agriculture Organisation
eller se på denne omfattende siden laget av en entusiast:

Kostholdsendringer

Kan hjelpe ved: 

ADHD
Aggresjon
Asperger
Autisme

Depresjon
Diabetes
Dysleksi
Epilepsi
Konsentrasjonsvansker
Magetrøbbel
Multippel Sklerose
Muskelsmerter
Opioide peptider
Parkinson
Psoriasis
Schizofreni
Sengevæting
Stoffskifteproblemer
Utslett

 

Listet alfabetisk.


 

Nytt PIF-nytt

PIF-nytt-nr-2-2017-Forside-web-lite 


Alle medlemmene våre får PIF-nytt 4 ganger i året. Mangler du noen utgaver? Bestill dem hos: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

Frist for artikler etc til neste
PIF-nytt: 30. jan. 2017!

      2013 © NPIF | Drøbakgate 10b | 0463 OSLO | Tlf: 94 81 86 05 | Org.nr 980.252.256 | Bankgiro 5083.06.02795 | Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.