NPIF

Spis deg frisk!

 Forum 

Hjemmelaget probiotika

Hugs stikkorda når vi gjærar heime:

- temperatur 15-35 grader C
- reinsligheit gjer ikkje andre bakteriar
- bruk nasen!

Nokre nettsidar:

http://users.sa.chariot.net.au/~dna/kefirpage.html (eller søk på ”dom” og ”kefir”)

Her kan kjøpa startkultur til kefir:
http://www.thekefirshop.co.uk/

Du kan og kjøpa surkål i tyrkiske butikker. Kjøp surkål utan eddik og konseveringsstoff, som ikkje har blitt pasteurisert.

Forenkla surkål

Utstyr:
Stort syltetøyglas eller eit norgesglas (opp til 1 liter stort), fat eller skål.

Ingrediensar:
Kål, vatn, mjølkesyrebakteriekapslar og eventuelt krydder.

Framgangsmåte:
1. Kutt opp kålen i små tynne strimlar.
2. Ha ca 2 dl vatn (alt etter kor stort glaset er) og pulveret i 2 mjølkesyrekapslar i eit glas og rist godt.
3. Ha i kålen og væta lagvis, hugs å presse kålen godt ned etterkvart som du tar den oppi. Fyll fullt opp med kål og væte.
4. Sett lokket laust på. Sett glaset oppå eit fat eller ei skål som samlar opp væta som vert pressa ut.
5. La glaset stå i romtemperatur i 2 til 7 dagar alt etter kor surt du vil ha det.
Sett glaset i kjøleskap til oppbevaring

Surgraut

Ingrediensar:
Havregrynsgraut
Probiotikakapsel

Framgangsmåte:
1.Kok havregrynsgraut på havregryn og vatn.
2. Opna 1 til 2 probiotikakapslar og bland i grauten når den er fingervarm
3. Ha på lokk og sett den på ein lun plass i 1 til 2 dagar til den er blitt sur.

Bakteriane toler å varmast lett opp, men ikkje å kokast og må ikkje haldas varme over meir enn fem minutter.

Linsebrød

Ingrediensar:
5 dl røde linser
5 dl ris
2 skeier sitronsaft (eller noko anna surt)
6 dl vatn
Probiotikakapsel (valfritt)

Framgangsmåte:
1. Ha ris og linser i en bolle med vatn. Tilset to skeier sitronsaft. La det stå natta over
2. Hell av vatnet. Ha ris, linser og eventuelt probiotika i hurtigmiksar med ca 6 dl vatn. Lag ei tjukk pannekakerøre.
3. Dekk røra til og sett den lunt i 2 til 3 dagar til den er blitt sur og fått bobler i seg.
4. Rør i røra og hell den over 2 steikebrett med bakepapir på.
5. Bruk ein sleikepott og fordel røra utover slik at den er 1 til 2 cm tjukk.
6. Sett i ovnen på 200 grader celsius i ca 45 minutt.
7. Skjer skiver med til dømes eit pizzahjul.

Kvass - rødbetdrikk for magen

Utstyr:
Ca 2 liters glas

Ingrediensar:
3 medium eller 2 store økologiske rødbeter, 0,5 dl molkosan/Vita Biosa eller sauerkrautsaft,
1 teskje havsalt,
vatn.

Framgangsmåte:
Skrel og grovhakk rødbetane.
Ha rødbete, 0,5 dl Molkosan/Vitabiosa eller sauerkrautsaft og salt i eit 2 liters glas. Fyll på vatn slik at glaset vert fult.
Ha på lokk og rist slik at det blander seg godt.
La lokket vera laust på og sett det til fermentering i 2 dagar.
Oppbevar i kjøleskapet.
Når ein har drukke opp nesten alt kan ein tømma på nytt vatn og setja det til fermentering igjen. Denne gongen vert brygget litt mildare. Ein kan behalda 0,5 dl av kvassen og bruke det i staden for Molkosan/Vita Biosa eller sauerkratsaft når ein skal starta ein ny posjon med nye rødbetar.

Ekstratips:
Vatnet kan vera dårleg fleire stader i Noreg. Det inneheld dessutan ofte klor. Bruk gjerne kjøpevatn.
I Øst-Europa selges fortsatt kvass overalt, men den er ofte lagd på rugbrød. Kva med å få nokre polske arbeidarar til å byrja importera glutenfri kvass heimanifrå?

Kokosyoghurt

Utstyr:
glas- eller plastbolle med lokk.

Ingrediensar:
1 stk kokosmjølk (400 gram) på boks,
1 kapsel probiotika,
1 skei honning(valfritt)

Framgangsmåte:
1. Ha kokosmjølka i eit glas eller ein bolle.
2. Opna kapselen og bland i probiotikapulveret.
3. Ha i honning dersom du vil ha ein søtare og surare yoghurt.
4. Ha på lokk som kan spretta litt opp sjølv og letta på trykket, eller ikkje skru lokket på syltetøyglaset heilt igjen.
5. Sett den vekk til fermentering. Sett den varmt dersom du vil ha den klar til dagen etter.
6. Set yoghurten i kjøleskapet når du synest den er sur nok. Rør godt i yoghurten dersom kokosfettet har klumpa seg.

Ekstratips:
for ein mindre sur, men tjukk yoghurt kan du skjere opp ein umeboshi-plomme i småbitar og bruke til startkultur. Umeboshi fås kjøpt i helsekostbutikkar. Økologisk kokosmjølk inneheld ikkje emulgeringsmiddel. Utan emulgeringsmiddel skil fettet seg ut og ”mjølka” vert meir klumpete.

Du kan bruke rester av yoghurten din som startkultur til neste omgang.

 

Kostholdsendringer

Kan hjelpe ved: 

ADHD
Aggresjon
Asperger
Autisme

Depresjon
Diabetes
Dysleksi
Epilepsi
Konsentrasjonsvansker
Magetrøbbel
Multippel Sklerose
Muskelsmerter
Opioide peptider
Parkinson
Psoriasis
Schizofreni
Sengevæting
Stoffskifteproblemer
Utslett

 

Listet alfabetisk.


 

Nytt PIF-nytt

PIF-nytt-nr-2-2017-Forside-web-lite 


Alle medlemmene våre får PIF-nytt 4 ganger i året. Mangler du noen utgaver? Bestill dem hos: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

Frist for artikler etc til neste
PIF-nytt: 30. jan. 2017!

      2013 © NPIF | Drøbakgate 10b | 0463 OSLO | Tlf: 94 81 86 05 | Org.nr 980.252.256 | Bankgiro 5083.06.02795 | Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.